Du er her: Startside  »  Elsikkerheit

Eigaransvar

Bustadeigaren sitt ansvar for det elektriske anlegget.

Nyare undersøkingar viser at rundt 50 prosent av bygningsbrannane og branntilløpa i Noreg har elektrisk årsak. I 1997 omkom 28 personar i brannar med elektrisk årsak, i 1998 mista 12 personar livet i slike brannar. Årleg blir det utbetalt om lag 500 millionar kroner i erstatning etter brannar med elektrisk årsak. Rundt halvparten av desse brannane kjem av feil i det elektriske anlegget. Det er bustadeigaren som har ansvaret for at det elektriske anlegget i bustaden i til ei kvar tid tilfredsstiller tryggleikskrava som er gjeve i forskrift om elektriske lågspenningsanlegg.

Produkt- og Elektrisitetstilsynet, som forvaltar forskrifta, undersøkte i kva grad bustadeigaren sitt ansvar for det elektriske anlegget er kjent i ei undersøking gjennomført av MMI våren 1999. I undersøkinga svarer 30 prosent at det er elverket/installatøren/leverandøren som har ansvaret for det elektriske anlegget. I aldersgruppa over 60 år var det 50 prosent. At så mange ikkje er klar over bustadeigaren sitt ansvar, gjer at feil og manglar ved det elektriske anlegget kan utvikle seg til mogelege brannbomber i norske heimar.

Bustadeigaren sitt ansvar

Bustadeigaren eig det elektriske anlegget, og skal sørgje for at det blir gjort nødvendig ettersyn og vedlikehald slik at anlegget til ei kvar tid tilfredsstiller tryggleikskrava i forskrifta. Bustadeigarar er også ansvarlege for at dei ikkje bruker eller koplar elektrisk utstyr til anlegget slik at det kan skade liv eller eigedom.

Ansvaret inneber:

  • å vere merksam på faresignal, som varme sikringar og stikkontaktar (kan bli brune), lysbogar/gneistar eller tilløp til lysbogar (teikn på dårleg kontakt)

  • å få kontrollert anlegget på bakgrunn av slike faresignal

  • å få utbetra dei manglane som blir avdekt.

  •  

Kven som kan gjere inngrep i eit anlegg blir regulert av forskrift om kvalifikasjonar for elektrofagfolk. For vanlege forbrukarar og andre som ikkje er fagpersonar, inneber ansvaret for vedlikehald at ein engasjerer elektrofagfolk til å utføre ettersyn og utbetringar. Det bør også utførast regelmessig ettersyn av anlegget, t.d. kvart tiande år i bustader eller oftare på eit eldre anlegg.
 
Hos mange er det lenge sidan elanlegget blei sjekka. Over ein firedel svarer at dei ikkje veit når det elektriske anlegget i bustaden blei sjekka sist.

Nye reglar frå 1. januar 1999 – samsvarserklæring

Frå og med 1. januar 1999 har elektroentreprenøren plikt til å gi ei samsvarserklæring til eigarar av elektriske anlegg ved installasjon av nye anlegg eller endringar i eksisterande anlegg. Dokumentasjonen tyder at anlegget er i samsvar med tryggleikskrava i forskrift om elektriske lågspenningsanlegg.

Som eigar av anlegget skal du til ei kvar tid ta vare på denne dokumentasjonen slik at han er tilgjengeleg ved seinare endringar av anlegget, ved sal av eigedommen og ved kontrollane til det lokale eltilsynet, heilt til anlegget blir fysisk fjerna. Med denne dokumentasjonen har fleire forsikringsselskap gitt rabattar på heimforsikring. Dokumentasjonen kan også leggjast til grunn ved ein eventuell reklamasjon dersom det viser seg at tryggleikskrava ikkje er oppfylt.

Eldre anlegg – oppført før 1. januar 1999

Dei aller fleste har anlegg som er eldre enn januar 1999. Kravet om samsvarserklæring har ikkje tilbakeverkande kraft, dvs. at du ikkje kan krevjast for slik dokumentasjon for den delen av anlegget som er utført før denne datoen – berre for dei endringane som er gjort etter 1. januar 1999.

Elanlegg i nye bygg

Utover eigaren sitt generelle ansvar, er ein kvar som gjer planlegging/prosjektering, utføring, vedlikehald, utbygging m.m. av eit anlegg ansvarleg for at arbeidet tilfredsstiller dei tryggleikskrava som gjeld. I prosjekterings- og utføringsfasen av eit anlegg blir byggherren rekna for å vere eigaren av anlegget. Som eigar av eit nytt hus/bygg oppført etter 1. januar 1999, har du som eigar av det elektriske anlegget krav på ei samsvarserklæring om at anlegget tilfredsstiller gjeldande tryggleikskrav frå den som prosjekterer eller utfører anlegget. Du må derfor sjå til at du tek i mot samsvarserklæring og eventuell underlagsdokumentasjon.

Leigetakaren sitt ansvar

Ansvaret til leigebuaren vil i dei fleste tilfelle avgrense seg til å melde frå om feil og manglar ved anlegg til eigaren av anlegget, dvs. bustadeigaren. Feil og manglar som leigebuaren pliktar å melde frå om må vere av ein slik karakter at eit utrena auge kan sjå dei.

MMI-undersøkinga viser at blant leigetakarane er det rundt halvparten som ikkje har kjennskap til når det elektriske anlegget i husværet sist blei sjekka.

Dersom det er feil og manglar ved det elektriske anlegget som kan skade liv eller eigedom, og leigebuaren forstår dette, pliktar han eller ho å gripe inn og avverje faren. Det vil blant anna seie at leigetakaren ikkje bruker elektrisk utstyr som er øydelagt. Leigetakaren har også vedlikehaldsansvaret for det elektriske utstyret i husværet, som elektrisk komfyr, lampar, TV, elektriske kontaktar og brytarar. Dersom dekselet til ein elektrisk stikkontakt blir skadd, pliktar altså leigetakaren å sørgje for at denne blir skifta ut.
 
Det er på det reine at det er bustadeigaren som har hovudansvaret for å halde anlegget i forsvarleg stand. Husleigelova pålegg utleigaren å sørgje for at bygningar som er leigt ut til ei kvar tid er i skikkeleg i stand. Utleigaren skal også halde ved like husvære eller rom, blant dette leidningar og elektrisk straum til lampepunkt og stikkontaktar. Om du som leigetakar opplever at bustadeigaren ikkje tek ansvaret sitt alvorleg, kan du kontakte det lokale eltilsynet ved det lokale everket ditt.

Meir informasjon

Du kan også kontakte ditt lokale eltilsyn(DLE) ved Rauland Kraftsorsyningslag om du lurer på noko.

    Admin